Hopp til innhold
Portrett av Gyrðir Elíasson. Foto: Johannes Jansson, norden.org CC BY SA 4.0.
Portrett av Gyrðir Elíasson. Foto: Johannes Jansson, norden.org CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Gyrðir Elíasson

Gyrðir Elíasson er ein islandsk forfattar. Elíasson fekk Halldór Laxness-prisen i 2000 og Nordisk råds litteraturpris i 2011 for "Mellom trærne".

Gyrðir Elíasson, fødd i 1961, er ein islandsk forfattar og omsetjar, som debuterte med diktsamlinga Svarthvít axlabönd i 1983 og vidare mellom anna har skrive Mold í Skuggadal (1992) og Hugarfjellið (1999). Elíasson skriv òg prosa, som novellesamlingane Bréfbátarigningin (1988), Vatnsfólkið (1997), Gula húsið (2000), og Milli trjánna (2010), som i norsk omsetjing har tittelen Mellom trærne, og romanen Svefnhjólið (1990), som kom på norsk i 1993 med tittelen Søvnhjulet. Han har også gjendikta Richard Brautigan til islandsk. Elíasson fekk Halldór Laxness-prisen i 2000 og Nordisk råds litteraturpris i 2011 for Mellom trærne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.05.2016
Sist oppdatert: 20.05.2016