Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard Eika

Hallvard Eika, politikar og organisasjonsmann. Han leidde Norges Bondelag i elleve år og hadde som handelsminister 1972–73 ansvaret for handelsavtalen med EF.

Hallvard Eika var fødd 5. desember 1920 i Torquay i Saskatchewan i Canada og døydde 17. mai 1989 i Bø i Telemark. Han budde i Canada til han var ni år. Då vende familien attende til slektsgarden Eika i Bø i Telemark, som han seinare overtok.
Eika gjekk på Foldsæ jordbruksskole 1938–1940, Hamar katedralskole 1942–1943 og Noregs landbrukshøgskole 1943–1946. Frå 1955 til 1966 var han formann i Norges Bondelag. I 1967 kom han med i heradsstyret i Bø og var ordførar til han i 1969 vart vald inn på Stortinget for Venstre.
Han var medlem av landsstyret i Venstre 1968–1976 og var organisatorisk nestformann 1970–1972.
Eika sat på Stortinget fram til 1977 og var medlem av justiskomiteen, forsvarskomiteen og industrikomiteen. Frå august 1970 til mars 1971 var han landbruksminister i Borten-regjeringa, og frå oktober 1972 til oktober 1973 handelsminister i Korvald-regjeringa. Som handelsminister hadde han som hovudoppgåve å skaffe ein best mogleg handelsavtale med EF etter at Noreg hadde sagt nei til medlemskap. Avtalen, som vart forhandla fram av sjefsforhandlar Jens Evensen, la grunnlaget for Noreg sitt forhold til EF før han i 1994 vart erstatta av EØS-avtalen.
1978–85 var Eika fylkeslandbrukssjef i Telemark. Han hadde mange verv. 1970–72 var han medlem av styret for Telemark distriktshøgskule, 1972–76 var han formann.
Eika var ein profilert og konsekvent nynorskbrukar. I 1986 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk landbruk.
Kjelder
Olav Garvik: «Hallvard Eika». Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000
Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973
Hallvard Eika, representanter og komiteer, Stortinget.no, http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HAEK [lesedato 7.3.2012]

Først publisert: 07.03.2012
Sist oppdatert: 13.03.2012