Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Engelsen Eide

Hans Engelsen Eide, skiløpar og gründer. I OL i 1998 kom han på andreplass i kulekøyring, og grunnla seinare ski- og klesfirmaet Skigutane.

Engelsen Eide er fødd på Voss 8. mai 1965, og fullførte Voss Gymnas 1984. Han var på landslaget i kulekøyring i ti år, frå 1984 til 1994, og var i alt med i 100 verdscuprenn. Han vann tre av desse, og var på pallen i fjorten renn. I 1991 kom han på andreplass samanlagt i verdscupen. I OL i Calgary i 1988, då kulekøyring var demonstrasjonsgrein, kom han på andreplass. Han var òg med under Lillehammer-OL i 1994, og vart då nummer femten. Han gjekk til topps i NM åtte gonger.
I 1989 grunnla han firmaet Skigutane, som dei første åra utelukkande selde produkt frå klesprodusenten Bula. I åtte år var dette eit einmannsfirma, men frå 1997 har talet på tilsette auka. I 2010 selde Engelsen Eide det meste av aksjane sine i Skigutane til Holta invest, men han er framleis tilsett i selskapet, som idémakar.
Kjelder
E-post frå Engelsen Eide 23.9.2010
Hans Engelsen Eide, biografi, fis-ski.com, http://www.fis-ski.com/uk/604/613.html?type=biog&competitorid=15642&sector=FS [lesedato 12.8.2011] 
«Holta har inngått ekteskap», nrk.no, publisert 27.5.2010, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.7140801 [lesedato 12.8.2011] 
Soga om Skigutane, skigutane.no, http://www.skigutane.no/index.php/om-skigutane/ [lesedato 12.8.2011] 

Først publisert: 12.08.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013