Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Rosenløw Eeg

Harald Rosenløw Eeg, fødd 1970, er forfattar. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for ungdomsromanen Glasskår frå 1995 og følgde opp med Svidd (1996), Vrengt (1997), som han fekk Brageprisen for, Filter (1998), Karmakongen (2000), Stjernetrekker (2002), Alle duene (2003) og Yatzy (2004), som gav han Brageprisen endå ein gong.
 
Eeg har òg skrive filmmanus, mellom anna til filmane Hawaii, Oslo (2004) og De usynlige (2008), og han er mannen bak manuset til NRK-serien Julekongen (2012).
 
Sjå video frå NRK Skole:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.02.2019