Faktaboks

Ivar Eskeland
Fødd
30. november 1927, Stord, Hordaland
Død
23. desember 2005, Oslo
Verke
Forfattar og omsetjar
Familie

Foreldre: Rektor Severin Eskeland (1880–1964) og Olga Dorothea Olsen (1886–1975).

Gift 1) 1953 med Ingebjørg Olaug Drivenes (26.1.1933–), dotter av Olav Drivenes (1902–75) og Anna Digranes (1907–63), ekteskapet oppløyst 1965; 2) 1967 med konsulent Aase Lill Skare (13.4.1932–), dotter av instrumentmakar Petter Skare (1905–99) og Klara Mundheim (1899–1995).

Brorson av Lars Eskeland (1867–1942).

Ivar Eskeland

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Ivar Eskeland
Av /NTB Scanpix ※.

Ivar Eskeland var ein norsk filolog og litteraturkritikar.

Eskeland var generalsekretær i Noregs Mållag frå 1955 til 1956 og leier frå 1960 til 1963. I tillegg hadde han desse stillingane:

Han har gitt ut mellom anna bøkene Halldór Kiljan Laxness. Menneske og motiv (1955) og Så seier soga (saman med Jon Leirfall, 1970). Han var også aktiv som omset med meir enn 120 omsetjingar til bokmål og nynorsk. Han gjorde også ein stor innsats for å formidle kunnskap om islandsk kultur og litteratur.

Eskeland var ein fritalande og humoristisk kåsør, noko som mellom anna er tydeleg desse bøkene:

  • Den norske folkesjel (1983)
  • Den norske folkespegel (1984)
  • Den norske oljesjel (1985)
  • Ha ein gløgg dag! (1991)

Han gav også ut så ulike biografiar som Du store alpakka. Soga om Gisle Straume (1987) og Snorri Sturluson (1992), som også er gitt ut på engelsk).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Ivar Eskeland
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003348623

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg