Hopp til innhold
Jan Egeland. Foto: Flyktninghjelpen/Beate Simarud.
Jan Egeland. Foto: Flyktninghjelpen/Beate Simarud.
X
Innhald

Jan Egeland

Jan Laurits Egeland, statsvitar, politikar, generalsekretær i Flyktninghjelpen og tidlegare visegeneralsekretær i FN. Han har i mange år arbeidd med menneskerettar.

Jan Egeland er fødd 12. september 1957 i Stavanger. Han tok examen artium ved Stavanger katedralskole i 1976, magistergrad i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1985 og arbeidde som forskingskoordinator ved Henry Dunant Institute i Genève i 1985–87.

I 1987–90 var han informasjonsleiar og så utanlandssjef for Raudekrossen i Noreg. Egeland var personleg rådgivar for utanriksminister Thorvald Stoltenberg frå Arbeidarpartiet i 1990–92, statssekretær i utanriksdepartementet i 1992–97, spesialrådgivar i Raudekrossen i 1997–99 og spesialrådgivar for FN i Colombia i 1999–2001.

I perioden 2002–03 arbeidde han som generalsekretær for Raudekrossen i Noreg, han var visegeneralsekretær for humanitær bistand og naudhjelp i FN i 2003–06 og spesialrådgivar for generalsekretæren i FN i 2007. Frå 2007 til 2011 var Egeland direktør ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI), i 2011–13 var han europadirektør i Human Rights Watch, og han blei generalsekretær i Flyktninghjelpen i 2013.

Egeland har arbeidd mykje med konfliktløysing, nødhjelp, demokrati og menneskerettar, og han var den som koordinerte dei første samtalane som førte til Osloavtalen, mellom Israel og PLO, i 1993. Han har òg arbeidd med fredsforhandlingar mellom anna i Guatemala, Sudan, på Balkan, Kypros og i Colombia og greier å mobilisere massemedia for å gi saker merksemd.

Boka Impotent Superpower – Potent Small State. Potentials and Limitations of Human Rights Objectives in the Foreign Policies of the United States and Norway kom i 1988 og var basert på magistergradsoppgåva hans. I 2007 gav han ut boka Det nytter. Rapport fra frontlinjene.

Egeland blei tildelt Peer Gynt-prisen i 2005, og Time Magazine kåra han i 2006 som eit av dei 100 menneska i verda som har mest påverknadskraft. Han har hatt verv i Amnesty International og sat i styret til International Crisis Group fram til 2012. Frå 2015 til 2018 leidde han ei arbeidsgruppe oppnemnd av FN for å gi vern til syriske flyktningar, og målet var å få på plass ein fredsavtale.

Kjelder

Thor Bjarne Bore: «Jan Egeland», Norsk biografisk leksikon, henta frå snl.no: https://nbl.snl.no/Jan_Egeland [lesedato 15.10.2015]

Dagbladet/NTB: «Jan Egeland gir seg som Syria-koordinator», dagbladet.no, publisert 18.10.2018: https://www.dagbladet.no/nyheter/jan-egeland-gir-seg-som-syria-koordinator/70334985 [lesedato 12.9.2019]

«Jan Egeland – Generalsekretær i Flyktninghjelpen», flyktninghjelpen.no: http://www.flyktninghjelpen.no/?aid=9095409#.Vh-eiPM4VD8 [lesedato 15.10.2015]


Peikarar

«Jan Egeland skal lede Syria-gruppe i FN-regi», aftenposten.no

Thomas Paust: «Slik ville Jan Egeland løst flyktningekrisen», nettavisen.no

Bloggen til Jan Egeland

«Jan Egeland», musikkvideo av Ylvis, youtube.com

Først publisert: 07.01.2016
Sist oppdatert: 12.09.2019