Hopp til innhold

Jens Espedal

Jens Espedal, bonderadikal skribent og forfattar frå Fjaler i Sunnfjord.

Jens Olavsson Espedal var fødd 5. februar 1898 og døydde 13. november 1925. Vinteren 1920/21 gjekk han på Voss folkehøgskule, der han opplevde avgjerande påverknad frå Lars Eskeland – ikkje minst i målsaka. Han bestemte seg då for å samle og eige alt som kom ut på nynorsk av viser og dikt. Frå 1920 av fekk han sjølv dikt på trykk i Gula Tidend og i målbladet Unglyden. Året etter han døydde, gav familien ut eit utval av dikta, Kvardagskvæde.
 
Frå 1920 til 1925 hadde Espedal 88 bidrag i Unglyden, både dikt og prosa. Dikta stod under eige namn, prosastykka under ulike pseudonym: Dølen, Espen Bonde og Frey Fjaler. Politisk blei han meir og meir radikal med åra, med tydelege bodskapar i tekstar om kyrkje, skule, pasifisme, klasseskilnad og revolusjon. Dei siste par åra skreiv han fleire tekstar på dialektnær nynorsk, i tradisjonen etter Olaus Fjørtoft.
I dikta hans finn vi mange av dei same temaa som i prosaen. Eit hovudmotiv er våren, som livgivar, som endringskraft, som revolusjon. Diktsamlinga har mange dikt om landskap og natur, bonde og bondeyrket, men også dikt om angst og tungsinn – og om ei mørk, trugande samtid.
Politisk stod Jens Espedal i ein bonderadikal tradisjon som har hatt sterkt feste i Fjaler, ei rørsle som også er eit vesentleg bakteppe for den noko yngre Jakob Sande. Sjølv kalla Espedal seg «bonde og bolsjevik». Han skreiv seg for Jens Olavson Espedal (faren heitte Ole) og brukte pseudonymet «Dølen» for å peike på at han stod i arven etter Aasmund Olavsson Vinje.
Kjelder
Ove Eide: «Bonde og bolsjevik – ein sunnfjordsk Olavson (Vinje)», i Jakob Sande-årboka 2002

Først publisert: 05.09.2011
Sist oppdatert: 31.07.2018