Faktaboks

Jens Kåre Engeset
Fødd
21. april 1930, Vardø, Finnmark
Død
15. mars 2013, Ørsta, Møre og Romsdal
Jens Kåre Engeset (2002)
Jens Kåre Engeset i utstillinga i Aasentunet våren 2002 i samband med lanseringa av biografien om Anders Hovden, «Anders Hovden. Diktarprest og folketalar».
Jens Kåre Engeset (2002)
Av /Aasentunet.

Jens Kåre Engeset var lærar og museumsstyrar. Han var styreleiar for Ivar Aasen-museet i 35 år og var med i brukargruppa som planla Ivar Aasen-tunet (no Aasentunet) fram mot opninga i juni 2000.

Jens Kåre Engeset var fødd i Vardø. Då han var fire år gamal, flytta familien til Hovdebygda i Ørsta, som sidan var heimstaden hans. Han fullførte lærarskulen i Volda i 1955 og arbeidde i 17 år som lærar i Sande og i Hovdebygda. I 1972 vart han den første leiaren for Pedagogisk Tenestesenter for Søre Sunnmøre, og frå 1975 til 1995 var han tilsett i administrasjonen ved Volda lærarhøgskule (no Høgskulen i Volda).

Ved sida av lærargjerninga fungerte han som styreleiar for Ivar Aasen-museet i Hovdebygda frå 1966, formelt vald frå 1968, og fram til museet vart ein del av Ivar Aasen-tunet i 2000. I 2003 gav han ut eit hefte om soga til Aasen-museet, heilt frå opninga i 1898.

I 2002 gav Engeset ut ein biografi om Anders Hovden, Anders Hovden. Diktarprest og folketalar. Han har skrive ei mengd lokalhistoriske artiklar, mest for eit lokalt årsskrift. I 2005 vart mange lengre avisartiklar, mellom anna mange om Ivar Aasen og om Anders Hovden, samla i bokform.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jens Kåre Engeset: Vent vidar seg Hovdevatnet. Hovdebygda 2005
  • Eirik Helleve: «'– Ein misjonær for nynorsk og Ivar Aasen'. Jens Kåre Engeset i samtale med Eirik Helleve», i Hovdebygdingar – med vit og von. Hovdebygda 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg