Hopp til innhold
Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
Frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK.
X
Innhald

Johan Wilhelm Eide

Johan Wilhelm Eide, boktrykkjar, aviseigar og forleggjar. Han starta Bergens Tidende i 1868, kjempa mot byråkrati, embetsmannsvelde og pietisme, og støtta den framveksande målrørsla.

Eide var fødd 13. oktober 1832 i Stryn og døydde 2. november 1896 i Bergen. Då han var konfirmert, drog han i 1849 til Bergen og gjekk i boktrykkjarlære hos F.D. Beyer. I 1958 reiste han til Tyskland og Sveits for å lære meir. Han vende tilbake til Bergen i 1964, tok borgarskap som boktrykkjar og vart faktor, trykkjeleiar, i H.J. Geelmuydens Enkes Officin.
1. mai 1867 starta han sitt eige prenteverk. 2. januar 1868 tok han til å gi ut avisa Bergens Tidende. Avisa som skulle skaffe arbeid for trykkjeriet, men han starta ho like mykje av idealistiske grunnar. Den første tida redigerte han avisa stort sett sjølv, og Bergens Tidende vart eit talerøyr for middelstandens handverkarar og vanlege borgarar. Ho kjempa mot byråkrati, embetsmannsvelde og pietisme. Det var til tider eit slit å sikre drifta, men i 1893 kunne Eide kjøpe den konkurrerande Bergensposten, som var skipa i 1855, og året etter vart avisene slått saman.
Sidan 1869 hadde Eide også i beskjeden skala drive som forleggjar. Forlaget var prega av dei same ideane som Bergens Tidende. Eide var med i Vestmannalaget frå laget vart skipa i 1868, og både avisa og forlaget støtta opp om målreisinga.
Han var ein moderne arbeidsgivar. I 1880-åra innførte han ni timars arbeidsdag og gav arbeidarane sommarferie. Han var songar og kordirigent og sat i bystyret frå 1887.
Kjelder
Hans Fredrik Dahl mfl. (red.): Norsk presses historie, bd. 1–4. Oslo 2010
K. Fasting: Den gamle by og den unge boktrykker, Bergen 1964
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. (Kap. «'Tvillingene' Bergens Tidende og Vestmannalaget»). Bergen 1978
Odd Strand: Bergensk presse i tre århundrer. Bergen 1999
Egil Tveterås: «Johan Wilhelm Eide». Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000
pressehistoria
Peikarar

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 31.07.2018