Johannes Eidnes
Johannes Heggelund Eidnes, skulemann og folkehøgskulelærar, var i ei årrekkje med i det frilyndte ungdomsarbeidet i Troms. Den første nordlandsbunaden for menn var ei brudgomsdrakt som Eidnes fekk sydd til seg sjølv i 1924.
Johannes Eidnes var fødd på Bjarkøy i Troms 18. oktober 1888 og døydde i Harstad 21. februar 1974. Han tok eksamen ved Tromsø lærarskule i 1914, var lærar ved Sulitjelma folkeskule i 1914–15 og ved folke- og framhaldsskulen i Bø i Vesterålen i 1915–20. Han var lærar ved Trondarnes folkehøgskule frå 1921 til oppnådd aldersgrense i 1959.
Eidnes var engasjert i den frilyndte ungdomsrørsla og var ein viktig pådrivar i Troms Ungdomsfylking og i Bondeungdomslaget i Harstad i ei årrekkje. Dessutan var han aktiv i Troms Fylkeshusflidslag. Tidleg i 1920-åra gjekk han i brodden for ein nordlandsbunad for menn. Han tok aktivt del i arbeidet med å samle inn bakgrunnsmateriale for ein slik bunad ulike stader i Nordland og Troms. På grunnlag av dette materialet fekk han sydd seg ei brudgomsdrakt i 1924. Dette var den første nordlandsbunaden for menn, og han blei nytta som modell for mannsbunaden for Nordland og Troms slik vi kjenner han i dag.
Eidnes hadde fleire studieopphald i utlandet. Han oppheldt seg ei tid ved Askov Højskole i Danmark og fekk i 1924 stipend for å dra på studiereise til Tyskland. I 1940 gav han ut morospelet Giftegalne.
Eidnes var æresmedlem i Bondeungdomslaget i Harstad. Han fekk Kongens fortenestemedalje i 1959.
Kjelder
Karl Bakke (red.): Norske skolefolk, bd. 1. Stavanger 1952
Johannes Eidnes: «Nordlandsbunad for menn», Håløygminne 2/1960
Sussi H. Gabrielsen (red.): Av nød, lyst og kjærlighet. Husflid i Nordland gjennom 100 år. Bodø 2001
Bente Knudsen: «Bunad anno 1924», Nordlys 4. juli 1997
Kjersti Skavhaug: Våre vakre bunader. Oslo 1978
Sist oppdatert: 24.02.2020