Hopp til innhold
Foto: Spartacus
Foto: Spartacus
X
Innhald

Linda Eide

Linda Eide, programmedarbeidar og kåsør. Journalistisk humor og uventa påfunn, gjerne med eit kvinneblikk, er blitt varemerket hennar.

Eide er fødd på Voss 10. februar 1969. Ho tok eksamen ved Norsk Journalisthøgskule i 1990 og studerte litteraturvitskap ved NTNU i 1996. Frå 1990 har ho vore programmedarbeidar i skiftande avdelingar i NRK, blant anna frå opninga av NRK P3 i 1993 og frå 1998 i NRK P1 Norgesglasset og NRK TV. Sidan 2007 har ho vore programleiar for serien "Norsk attraksjon" på NRK1.
 
Eide har gitt ut Då gamlemor baka seg i hel (2000) og Kvardagstraume i utval (2003). Saman med Lars Nyre har ho skrive læreboka Radioradio. Lyd i journalistikk (2004). I samband med serien  "Norsk attraksjon" på NRK1 gav Eide i 2009 ut boka Norsk attraksjon. Guiden til det du ikkje finn i guideboka. I 2012 kom boka Oppdrag Mottro. Jakta på gamle dagar.
 
I 2006 blei Linda Eide den første som fekk Regjeringas nynorskpris for journalistar. I 2009 fekk Eide Dialektprisen frå Norsk Målungdom. Under Gullruten 2012 blei Eide kåra til beste kvinnelege programleiar for serien "Norsk attraksjon". I 2013 blei ho tildelt Målprisen frå Noregs Mållag.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 21.10.2009
Sist oppdatert: 23.05.2013