Faktaboks

Marit Eikemo
Fødd
6. april 1971, Odda, Vestland
Marit Eikemo.
Av /Samlaget.

Marit Eikemo er ein norsk forfattar, journalist og tidsskriftredaktør. I bøkene sine har ho utforska samtida og den nære fortida både på eit individuelt og eit sosialt plan.

Bakgrunn

Eikemo er fødd i Odda (no Ullensvang) i Hordaland (no Vestland). Ho er utdanna cand.mag. Eikemo har mellom anna vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn saman med Hilde Sandvik i perioden 2002–2006.

Ho var informasjonssjef for Festspillene i Bergen (2006–2009), og første leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda (2009–2014). Saman med Frode Grytten tok ho initiativ til å byggje om garderobebygget på Smelteverkstomta til litteraturhus, som dermed både ga Odda eit litteraturhus og sikra vern av eit sentralt bygg på tomta.

Eikemo var redaktør i forlaget Vigmostad og Bjørke (2014–2016) og dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen frå 2016 til 2020. Frå 2020 er ho kunstnerisk rådgjevar for Norsk litteraturfestival på Lillehammer.

Romaner og essay

Omslagsportrett

Eikemo debuterte med reportasjeboka Her, no. Møte med unge menneske saman med fotografane Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth i 1999. Ho debuterte skjønnlitterært med romanen Mellom oss sagt (2006), og har seinare gjeve ut fleire romanar, novellesamlingar og essay.

I romanane sine utforskar Eikemo menneskelege relasjonar og daglegdagse situasjonar gjennom personar som anten har falle utanfor eller ikkje finn tilhøyrsle i tradisjonelle fellesskap. Rammene kan vere eit studentmiljø som er i ferd med å bli borte, ein norsk koloni i Syden, eit lokalsamfunn eller barnefamiliar som møtest ved leikeplassen. Til dømes tek Eikemo i essaysamlinga Samtidsruinar med lesaren til moderne bygg og anlegg som står til forfalls, og nyttar dette til å reflektere vidare over eit moderne Noreg i endring.

Perspektivet til outsideren vert eit grep for å kaste eit framandgjerande blikk på det vande. Kritikarar har skildra Eikemos stil som språkleg sober, men sarkastisk. Kritikarar har sett pris på den skarpe humoren i Eikemos romanar, og måten dei ser det samtidige Noreg med eit skrått blikk.

Drama

Eikemo har vore bidragsytar til Det Vestnorske Teateret si storsatsing HEIM 1-4. Fleire av bøkene hennar er overførte til scenen. Det Norske Teatret framførte opplesingar av Alt inkludert og i 2022 blir Gratis og uforpliktende verdivurdering dramatisert av turnéteateret Teater Vestland.

Styreverv

Eikemo har hatt i lang rekkje styreverv i kulturlivet. Av dei kan nemnast nestleiar i Norsk Forfattersentrum, styremedlem i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (2010-2016), styremedlem i Bergen Kunsthall (2005-2009), Cornerteateret, Bergen Fringe Festival, Litteraturhuset i Odda og Cinemateket i Bergen. Ho har og vore medlem i ulike kulturrådsutval, til eksempel Ankernemda (2010-2012) og Rom for kunst (2018-2020).

Eikemo var og medlem av Kulturutredningen 2014 under Anne Enger si leiing.

Utmerkingar

Bibliografi

  • Team Tuva (Roman, Samlaget 2021)
  • Hardanger (Noveller, Samlaget 2019)
  • Hjemlandet (medforfatter) (Antologi, Aschehoug 2019)
  • Gratis og uforpliktande verdivurdering (Roman, Samlaget 2018)
  • Alt inkludert (Roman, Samlaget 2015)
  • Samtale ventar (Roman, Samlaget 2011)
  • Arbeid pågår (Roman, Samlaget 2009)
  • Samtidsruinar (Essays, Samlaget 2008)
  • Mellom oss sagt (Roman, Samlaget 2006)
  • Synd.no (medforfatter) (Samlaget 2001)
  • Her, no (Dokumentar og historie, Samlaget 1999)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg