Hopp til innhold
Marit Eikemo. Foto: Agnete Brun / Samlaget.
Marit Eikemo. Foto: Agnete Brun / Samlaget.
X
Innhald

Marit Eikemo

Marit Eikemo, forfattar og kulturarbeidar som i bøkene sine har utforska samtida og den nære fortida både på eit individuelt og eit sosialt plan. Eikemo var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2018.

Eikemo er fødd i Odda 6. april 1971 og er utdanna cand.mag. Ho har vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn saman med Hilde Sandvik (2002–2006), informasjonssjef for Festspillene i Bergen (2006–2009), kunstnarisk leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda (2009–2014) og redaktør i forlaget Vigmostad og Bjørke (2014–2016). Frå 2016 er ho dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen.

Eikemo har gitt ut reportasjeboka Her, no. Møte med unge menneske saman med fotografane Eirik Brekke og Oddleiv Apneseth (1999), romanane Mellom oss sagt (2006), Arbeid pågår (2009), Samtale ventar (2011), Alt inkludert (2015) og Gratis og uforpliktande verdivurdering (2018), og essaysamlinga Samtidsruinar (2008).

Utdrag frå Gratis og uforpliktande verdivurdering av Marit Eikemo

Berre vi kjem oss ut av dette her, tenker ho, så skal alt bli betre. Då skal ikkje morgonane begynne sånn. Då skal ho starte dagen i treningsklede! Då skal ho springe ein tur i skogen før dei andre har stått opp, og ho skal presse fersk juice og koke kaffi når ho kjem frisk og sveitt tilbake frå turen. Kvar morgon skal ho springe ein tur i skogen. Ei mor i god fysisk form gir overskot til alle! Ho skal bli så sprek at dei kan gå lange trackingturar i europeiske fjell! Og om somrane skal dei ha opne dører til hagen, og folk skal alltid kunne stikke innom. Dei skal alltid ha vin ståande, og alltid jordbær og ein god ost eller noko anna, som det berre er å hente rett ut av kjøleskapet og sette på bordet når folk kjem overraskande på besøk. Ho skal smelle saman ei røre så umerkeleg at ingen får det med seg før ho plutseleg har servert alle ungane nysteikte lappar med rørte bær. Slik skal dei leve livet, det var det som heile tida var meininga. Dei skulle ha ein open og varm og gjestfri heim. Dei skulle vere så gode venner med naboane at det ville falle heilt naturleg å ha grillfestar saman om somrane og invitere kvarandre på store dagar. Og bak husa skulle det vere ein liten haug eller noko, som ungane kunne skape om til ein magisk skog! Kanskje finst det ei hole under ein busk ein stad, som det går det an å krype heilt inn i?

Utdrag frå Marit Eikemo: Gratis og uforpliktande verdivurdering. Det Norske Samlaget 2018. 

I romanane sine utforskar Eikemo menneskelege relasjonar og daglegdagse situasjonar gjennom personar som anten har falle utanfor eller ikkje finn tilhøyrsle i tradisjonelle fellesskap. Rammene kan vere eit studentmiljø som er i ferd med å bli borte, ein norsk koloni i Syden, eit lokalsamfunn eller barnefamiliar som møtest ved leikeplassen. Perspektivet til outsideren vert eit grep for å kaste eit framandgjerande blikk på det vande.

I Samtidsruinar tek Eikemo lesaren med til moderne bygg og anlegg som står til forfalls, og nyttar dette til å reflektere vidare over eit moderne Noreg i endring. Samtidsruinar vart i 2008 kåra til Årets nynorskbok av Dag og Tid. Eikemo fekk Nynorsk litteraturpris 2011 for Samtale ventar. I 2017 fekk ho Amalie Skram-prisen for forfattarskapen sin. Eikemo var festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2018.

Kjelder

Eivind Myklebust: «Housing Problems», Vagant, nr. 4/2015

«Humoristisk og gripande om å falle utanfor: Marit Eikemo i samtale med Mette Elisabeth Nergård», Kirke og kultur, nr. 3/2015

«Vil gjøre Cornerteateret til kulturell smeltedigel», Bergens Tidende 31.10.2016

«Nynorsk litteraturpris 2011 til Marit Eikemo», nm.no, publisert 27.4.2012, http://www.nm.no/tekst.cfm?id=3492 [lesedato 29.4.2012]

Agnes Ravatn: «Lesarane ville ha Samtidsruinar», dagogtid.no, publisert 15.1.2009, http://dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1452 [lesedato 29.4.2012]

Peikarar

Marit Eikemo, forfattarside hos Samlaget

«Marit Eikemo er festspeldiktar i 2018», aasentunet.no

Først publisert: 12.11.2009
Sist oppdatert: 02.08.2018