Innhald
Mats Ek
Mats Ek, fødd 1945, er svensk sceneinstruktør, dansar og koreograf. Ek er son av Birgit Cullberg, og han var ein av dei leiande dansarane i Cullberg-balletten i ei årrekkje. Etter mor si leidde han balletten fram til 1993.
Ek står bak ei rekkje heilaftans ballettar, som Bernardas hus, Soweto, Tornerose og Svanesjøen. I dag er han frilanskoreograf og -regissør.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 16.05.2014