Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Eian

Ola Eian, student og politikar. Han var mannleg talsperson for Grøn Ungdom (GU), ungdomsorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne, frå 2016 til 2018.

Ola Eian er fødd 1993 og voks opp i Osen i Sør-Trøndelag. No er han busett på Nesodden i Akershus. Han var elev ved Åfjord videregående skole i 2009–12 og tok bachelorgraden i biologi ved Universitetet i Nordland i 2015. Eian begynte å studere naturforvaltning ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i 2015, men tok ein pause i studia då han blei vald til talsperson for Grøn Ungdom.

Eian melde seg inn i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i 2013. Han var aktiv i Grøn Ungdom medan han studerte i Bodø, mellom anna som fylkesleiar i 2014–15 og var vald inn i arbeidsutvalet i GU sentralt i 2015–16. Han er òg medlem av programkomiteen til MDG. Saman med Anna Serafima Svendsen Kvam blei han vald til talsperson for Grøn Ungdom i 2016. Han hadde dette vervet fram til november 2018.

Grøn Ungdom har vedteke å arbeide for ein ny berekraftig klimapolitikk og ein grøn skule- og utdanningspolitikk. Eian har derfor vore oppteken av det grøne skiftet og omstilling av norsk næringsliv og oljepolitikk. Han har dessutan meint at det er viktig at måla i Paris-avtalen frå 2015 blir nådd, og at ein må få til handling i politikken. Eian har i tillegg vore oppteken av at landbruket i Noreg må bli meir berekraftig.

Ola Eian bruker både nynorsk og bokmål.

Kjelder

Ina Marie Haugen: «Fosning vil bli leder for grønt ungdomsparti», fosna-folket.no: http://www.fosna-folket.no/nyheter/2016/10/04/Fosning-vil-bli-leder-for-gr%C3%B8nt-ungdomsparti-13591063.ece [lesedato 24.2.2017]

Profilen til Ola Eian på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/ola-eian-553b39a1 [lesedato 24.2.2017]

Peikarar

Ola Eian: «Redde høna eller hønekjøtet?», nationen.no 

Ola Eian: «Hjelp oss å ete mindre kjøt!», framtida.no 

Andrea Rygg Nøttveit: «Grøn Ungdom vil erstatta KRLE med FRED», framtida.no 

Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 22.01.2019