Faktaboks

Olav Andreas Eftestøl
Fødd
6. august 1863, Fjotland (no Kvinesdal), Agder
Død
16. april 1930, Kongsvinger, Innlandet
Verke
Skolemann og politiker
Familie

Foreldre: Gårdbruker Aslak Staalesen Eftestøl (1827–96) og Ingeborg Knutsdatter Vordal (1834–94).

Gift 19.7.1897 med Helga Torp (28.7.1873–18.6.1950), datter av skolebestyrer, stortingsmann Eivind Olsen Torp (1844–90) og Helene Nilsen (1845–1910).

Måleri av Olav Andreas Eftestøl

Måleri av Olav Andreas Eftestøl. Ukjend kunstnar.

Av /Anno Glomdalsmuseet.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Olav Andreas Eftestøl var skulemann og politikar. Han skipa lærarskulen på Elverum og tok initiativet til det første fylkesmållaget i landet.

Eftestøl vart uteksaminert frå Kristiansand seminar i 1882. Etter åtte år som lærar i Agder og Hedrum kom han i 1890 til Elverum. I fire år var han her lærar og styrar på privatskulen som den seinare svigerfar hans, Eivind O. Torp, hadde skipa i 1873.

I 1892 var Eftestøl den sentrale drivkrafta i skipinga av Elverum lærerskole, som han sjølv styrte til 1907. Han vart då skuledirektør i Hamar stift, ein av dei første skuledirektørane i landet utan teologisk embetseksamen, og hadde embetet til han døydde.

Eftestøl engasjerte seg politisk, 1900–1906 som formann i Hedemarkens amts arbeiderforening og 1906–1915 som stortingsrepresentant for Arbeidardemokratane. Både som skulemann og politikar kjempa han for ein einskapsskule med ein landsskule på høgd med byskulen, meir likestilling, auka rom for praktiske fag og veikare band til kyrkja.

Eftestøl var målmann og tok initiativet til det første fylkesmållaget, Austmannalaget, som vart skipa i januar 1899 med Eftestøl som første formann (til 1901). Elverum lærarskule vart under hans leiing eit særs viktig sentrum for målreisinga i Hedmark og Oppland.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Halberg, Paul Tage (2004): «’...fælles barneskole for alle – en stor forsvarstanke’. Arbeiderdemokratenes skolepolitikk frem til 1920». Historisk tidsskrift 01/2004
  • Haraldseid, Jakob, red. (1924): Austmannalaget i 25 år. Hamar: Austmannalaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg