Hopp til innhold

Oskar Norman Eng

Oskar Norman Eng, lege, kommunepolitikar og stortingsrepresentant. I ungdomen var han med og stifta Det Norske Samlaget og var medredaktør i landsmålsblada Svein Urædd og Fram.

Oskar Norman Eng var fødd i Vadsø 7. juni 1847, voks opp i Sogndal, der faren var distriktslege, og døydde i Volda 27. august 1921. Han tok studenteksamen som privatist i 1866 og vart cand.med. i 1874. I åra 1975–79 var han privatlege i Stavanger og i fleire år konstituert distriktslege. Frå 1879 var han distriktslege i Lenvik, med bustad i Gibostad, og frå 1892 til 1916 distriktslege i Volda.
Eng var ordførar i Lenvik 1879–92. Han var stortingsrepresentant for Venstre for Tromsø amt 1889–91 og 1892–94 og vararepresentant for Romsdals amt 1895–1906. I Volda var han medlem av heradsstyret frå 1897 og ordførar i perioden 1905–10. Han var styreformann i Volden og Ørstens Sparebank i 1898–1901.
Eng var målmann heile sitt vaksne liv. Som ordførar i Volda praktiserte han landsmål, men som lege dansk-norsk. Landsmål hadde han lært av Henrik Krohn.
I studietida i Kristiania var han ein av innbydarane då Det Norske Samlaget vart skipa i 1868. Saman med studentane Lars Holst og Steinar Schjøtt og læraren Olav Flaaten var han med og tok initiativet til landsmålsbladet Svein Urædd i desember 1868 og var medredaktør av bladet. Han var med i krinsen rundt Olaus Fjørtoft, og frå 1872 var han medredaktør i det radikale landsmålsbladet Fram, som Fjørtoft hadde starta i juli 1871. Bladet gjekk inn i februar 1874.
Kjelder
Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
Norman Eng: Slægten Engh. Trykt som manuskript for slægtningerne. Vik i Sogn 1918
Norman Eng: Slægten Norman. Trykt som manuskript for slægtningerne. Vik i Sogn 1918
Fram, Kristiania 1871–1873
Harald B. Haram (red.): Artiklar i Unglyden 1907 av Anders Vassbotn. Haram kultur-historiske lag, Haramsøy 1997
I. Kobro: Norges læger 1800–1908, bd. 1. Kristiania 1908
Tallak Lindstøl: Stortinget og statsraadet 1814–1914, bd. I, del I. Kristiania 1914
Kåre Rauø: Det var en gang ... Fotografier fra Lenvik, bd. IV. Lenvik bygdemuseum 1992
Olav Riste: «Volda herad under folkestyret», Voldaminne. Årsskrift for Volda sogelag 1917–1947. Volda 1984
Vilh. Sommerfelt (red.): Studenterne fra 1866. Kristiania 1916
Svein Urædd, Kristiania desember 1868–desember 1870
Jon Tvinnereim: «Distriktslege Oskar Norman Eng – bygdehovding, radikalar og aristokrat», Jul på Sunnmøre 1981. Volda 1981
Odd Volland: Volda og Ørsta sparebank 1854–1954. Volda 1953
«Oskar Norman Eng», dødsannonse, Søndmørsposten 31.8.1921
O.D.: «Dr. Engs baare», Søndmørsposten 2.9.1921
Peikarar
Om Oskar Norman Eng i Artiklar i «Unglyden» 1907 av Anders Vassbotn, NBdigital

Først publisert: 31.12.2011
Sist oppdatert: 07.01.2016