Hopp til innhold
Ove Eide
Ove Eide
Foto: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Ove Eide

Ove Lidvar Eide, lektor, kulturarbeidar og forfattar frå Gloppen. Han har vore sterkt engasjert i formidlinga av Jakob Sande si dikting, og har òg skrive ein biografi om Sande.

Eide er fødd 1. september 1950 på Sandane i Gloppen. Han er utdanna lektor med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Bergen, der han skreiv oppgåve om forfattaren Lars Rustbøle. Eide arbeider som lektor og utviklings- og fornyingsleiar ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Han er mykje brukt som bokmeldar og er sjølv faglitterær forfattar og bokredaktør. Han har vist eit stort lokalhistorisk og pedagogisk engasjement og har hatt mange tillitsverv i ulike organisasjonar, mellom andre Nordfjord Folkemuseum, og han var med i læreplangruppa for norskfaget i samband med Kunnskapsløftet 2006.

Eide har arbeidd mykje med Jakob Sande sin litteratur. Sidan 1994 har han vore med i styret for Jakob Sande-selskapet og redigert Jakob Sande-årboka, som har kome ut annakvart år. I biografien Jakob Sande. Liv. Dikting (2006) tek Eide føre seg mellom anna korleis oppfatningane av Sande har endra seg, frå at han vart rekna som ein frisk litterær fornyar i 1930- og 40-åra, til at han vart sedd på meir som ein folkeleg humorist mot slutten av hundreåret. Han konkluderer med å leggje fram tre ulike lesevegar gjennom Sande sin lyrikk – den første gjennom det sosialpolitiske engasjementet hans, den andre gjennom dei folkelege innslaga i diktinga hans og den tredje gjennom tematiseringa hans av det eksistensielle – til dømes kjensla av å vere utstøytt og åleine. I 2014 redigerte han dikt i utval av Jan-Magnus Bruheim.

I 2015 fekk Eide Kongens fortenstmedalje.

Peikarar

Bibliografi i Bibsys

Nettstaden til Jakob Sande-selskapet

Først publisert: 19.10.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018