Hopp til innhold
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
X
Innhald

Robert Eriksson

Robert Eriksson, bedriftsøkonom, politikar og direktør i Norske Sjømatbedrifters Landsforening. Eriksson er tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Nord-Trøndelag og var arbeids- og sosialminister i Solberg-regjeringa 2013–15.

Robert Eriksson er fødd 23. april 1974 i Levanger i Nord-Trøndelag. Han gjekk på Verdal videregående skole i 1990–93, gjennomførte førstegongsteneste i Forsvaret i 1993–94 og studerte bedriftsøkonomi ved Høgskolen i Nord-Trøndelag i 1995. Eriksson arbeidde som dagleg leiar ved Vesta Salgssenter i Levanger i 2001–05 og var stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Nord-Trøndelag i 2005–13, før han blei arbeids- og sosialminister i Solberg-regjeringa i 2013. Han gjekk av som statsråd 16. desember 2015. Frå 2017 er Eriksson administrerande direktør i Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL).

Han var leiar av Fremskrittpartiets Ungdom i Verdal i 1991–94, medlem av sentralstyret til ungdomsorganisasjonen i 1995–96 og politisk nestleiar i 1998–2000. Frå 1991 til 2011 var han kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet i Verdal, og frå 1999 til 2005 medlem av formannskapet. Han var styremedlem i Verdal FrP frå 1992 til 2005. Eriksson var fylkestingsrepresentant i Nord–Trøndelag i 1995–2005, sat i fylkesutvalet i 1999–2003 og var leiar i fylkespartiet i 2002–08. I 1998–2000 og 2002–08 var han medlem av landsstyret i FrP og var medlem av sentralstyret 2013–17. Eriksson var vararepresentant til Stortinget for Nord-Trøndelag Framstegsparti i 1997–2005, og han blei vald inn på fast plass i 2005–13. Først var han medlem og så leiar av arbeids- og sosialkomiteen. Ved stortingsvalet i 2013 fekk FrP for få røyster i Nord-Trøndelag til at Eriksson blei attvald.

Viktige saker for Eriksson som arbeids- og sosialminister var å reformere NAV, forbetre eldreomsorga, arbeide mot sosial dumping og gjere samfunnet mindre byråkratisk.

Eriksson var leiar i Verdal fotball i 2002–06, har vore leiar av styret i Innherred Finans og Forsikring og har hatt fleire offentlege verv, mellom annan som medlem av Midt-Norden-komiteeen og styret for Innherred Renovasjon i 2003–05.

Kjelder

Robert Eriksson, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=RE [lesedato 20.10.2013]

Om Robert Eriksson på regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nb/dep/ad/dep/arbeids--og-sosialminister-robert-erikss.html?id=742894 [lesedato 20.10.2013]

Peikarar

Bloggen til Robert Eriksson

«Slik vil arbeidsminister Robert Eriksson endre Nav», aftenposten.no

Først publisert: 23.01.2014
Sist oppdatert: 19.01.2018