Hopp til innhold
X
Innhald

Severin Eskeland

Lars Severin Eskeland, skulemann, bokmann, målmann. Han var den første som skreiv artiumsstil på landsmål og var i 30 år rektor ved lærarskulen på Stord.

Severin Eskeland var fødd på Stord 31. mars 1880 og døydde same staden 18. juli 1964. Han gjekk Voss folkehøgskule hos broren Lars vinteren 1895–96, tok lærarskulen på Stord 1897–1900 og avla examen artium som privatist ved Hauges Minde i Kristiania i 1903. I åra 1903–05 studerte han ved universitetet i Kristiania, men tok ikkje eksamen.
Frå 1903 til 1950 arbeidde han i lærarutdanninga. Han var ved lærarskulane i Oslo, Kristiansand, Notodden og Levanger fram til 1917, då han vart utnemnd til rektor ved Stord offentlege lærarskule, som han styrte til han gjekk av for aldersgrensa i 1950.

Eskeland omsette litteratur frå fleire framande språk og skreiv skulebøker, biografiar og  skjønnlitterære tekstar. Han var ein mykje brukt talar. På Stord hadde han mange verv, sat i skulestyret, var varaordførar 1932–34 og ordførar 1935–42. I mange år var han styremedlem i Hardanger–Sunnhordlandske Dampskipsselskap, og han sat òg i styret i Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Også i målrørsla hadde han mange verv.

I yngre år sokna han til Venstre, men byrja tvile på partipolitikken og var i 1925 med og organiserte Fedrelandslaget. Han melde seg ut av laget på 1930-talet. I 1930-åra organiserte han òg Stord Forsvarslag. Då okkupasjonen kom i 1940, viste han som ordførar stor handlekraft. I 1942 vart han fråteken ordførarvervet, avsett som rektor ved lærarskulen og forvist frå Vestlandet. 17. mai 1945 var han attende på Stord, heldt talen for dagen, slik han òg hadde gjort 17. mai 1905.
Eskeland vart i 1949 utnemnd til riddar av den islandske Folkeordenen. I 1951 vart han heidra som riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Skulemannen
Etter å ha arbeidd i lærarutdanninga sidan 1903 vart Eskeland tilsett som rektor ved lærarskulen på Stord i 1917. I tida hans som rektor voks skulen mykje. I 1919–22 kom det nye bygningar, to internat, gymnastikksal, rektorbustad og hus til lærarar. Han følgde kritisk med i nyare pedagogisk tenking, underviste sjølv i norsk og var ein språkmeister og markant pedagog.
Eskeland var oppteken av å skaffe lærebøker på nynorsk til lærarskulen og skreiv sjølv, aleine eller saman med andre, bøker i fysikk, historie og norsk. Mest kjend er nok Lærebok i gamalnorsk (1910, saman med Knut Liestøl), som kom i mange utgåver, den siste i 1965. I 1951 førde han vidare Søren Nordeides Soga om oppseding og skule.
Saman med broren Lars redigerte han i 1912 Lesebok for ungdomsskulen, som kom i fem utgåver. Han hadde studiereiser til Tyskland, Sveits og Frankrike. Frå 1925 til 1934 var han formann i samskipnaden for lærarskulelærarar, Lærerskolelærernes Landsforening.
Bokmannen, redaktøren og talaren
Eskeland omsette bokverk frå engelsk, fransk, tysk og norrønt. Alt i 1906 kom Ferdi til Lilliput-land, i 1908 følgde Hytta hans farbror Tom, i 1911 Fritz Reuters Bygdaliv og i 1913 Tristam og Isond. Mange år seinare, i 1941, gav han ut Framandfolk i norsk målbunad, forteljingar av Daudet, Maupassant og andre franske forfattarar. Frå norrønt sette han om Soga um Ragnar Lodbrok og sønene hans og Soga um Eirik Raude.

Han skreiv biografiar om Rasmus Løland, Thomas von Westen, Lenin, Thomas More og Christian Vidsteen, målgranskaren frå Sunnhordland. Han stod for utgjevinga av Per Sivles skrifter i tre band i 1909. Og han skreiv òg lokalhistoriske arbeid, mellom anna jubileumsskriftet Det Hardanger–Sunnhordlandske Dampskipsselskap 75 år – 1880–1955.

1913–19 var han redaktør for For Bygd og By, det første familiebladet på landsmål, skipa i 1912.  Han redigerte òg Den 7de Juni, eit kulturorgan med tilknyting til Fedrelandslaget som kom ut 1929–31. Og han forfatta ei mengd artiklar i Den 17de Mai, Gula Tidend og andre blad og tidsskrift.

I 1919 gav han ut Framandordbok, ei ordbok med åtte–nitusen oppslagsord. Det var den første framandordboka på landsmål. Under psevdonym kom i 1924 forteljingane Fossekraft og andre uskyldige ting. Forvist frå Vestlandet publiserte han i 1944 Romanskriving, ei bok i tre lærebrev utgitt av «Forfattarskulen, Oslo». Det andre lærebrevet er ei innføring romanhandverket.

Liksom broren Lars var han ein mykje omtykt talar. Han heldt tallause festtalar, førelesingar og kåseri. I ordskifte var han til tider ein stor polemikar.
Målmannen
Gjennom den eldre broren Lars fekk Severin tidleg kjennskap til målrørsla. Då han tok artium i 1903, var han den første i landet som skreiv norskstilen på landsmål, og han fekk beste karakter. Året etter, i 1904, gav han ut Reglar og rettleidingar i norsk maalbruk, den første boka i sitt slag for landsmål. Gjennom heile livet arbeidde han for å fremje det nynorske skriftspråket. I unge år arbeidde han både for Målkassa og Den 17de Mai.
Han var nestleiar i Noregs Mållag 1915–18, formann i Norsk Måldyrkingslag 1947–50, styremedlem i Vestlandske Mållag 1945–48, sat i styret for Gula Tidend og i rådet for Norsk Allkunnebok, det store nynorske leksikonet, som han var med og utarbeidde retningslinjer for. I Noregs Mållag, Vestlandske Mållag og Vestmannalaget var han æresmedlem.
Då han under krigen vart forvist frå Vestlandet, slo han seg ned i Asker, dreiv med litterært arbeid og var lærar ved den nynorske Fram Brevskule. Han stod for ein klassisk nynorsk og gjekk mot 1938-rettskrivinga, som hadde tilnærming til bokmål og ikkje-vestlandske dialektar som ei av målsetjingane. «Blandingsmål» kalla han tilnærmingsmålet i føreordet til 1940-utgåva av Reglar og rettleidingar i norsk målbruk. Han la elles vekt på å bruke ord som hadde rot i talemålet.
Kjelder
Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Karl Bakke (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1952
Jørgen H. Berner og Trygve Aalheim (red.): Studentene fra 1903. Oslo 1953
Olav Bjørnøy mfl. (red.): Lærarutdanning i 150 år. Stord lærarhøgskule 1838–1989. [Rommetveit 1989]
Den 7de Juni, 1929–31
Severin Eskeland: Framandfolk i norsk målbunad. Bergen 1941
Severin Eskeland: Framandordbok. Kristiania 1919
Severin Eskeland og Knut Liestøl: Lærebok i gammalnorsk. 10. utg. Oslo 1965
Severin Eskeland: Reglar og rettleidingar i norsk maalbruk. Oslo 1904
Severin Eskeland: Reglar og rettleidingar i norsk målbruk. 4. utg. Oslo 1940
Severin Eskeland: Romanskriving. Oslo 1944
Severin Eskeland: Tristam og Isond. Ein roman um elskhug etter gamle kjelder. Kristiania 1913
Severin Eskeland: Vladimir Lenin. Ei stridssoga. Stord 1929
Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
Fedrelandslaget. Beretning for 1928–30. Utarbeidet ved Landssekretariatet. [Oslo] 1930
Hallvard Framnes mfl. (red.): Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin 1954
Arnfinn Haga mfl. (red.): Severin Eskeland. Vestlandske Mållag. Bergen 1972
Henrik Halvorsen mfl. (red.): Hundre år på lag med lærerutdanningen. Forskerforbundets forening for lærerutdanning. Notodden 1999
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Sverre Hausberg mfl. (red.): Minneskrift utgjeve i tilføre av 50-årshøgtidi åt mållaget ved Stord lærarskule. [Stord 1927]
[Herman Jæger mfl. (red.):] Studentene fra 1903. Oslo 1928
Anstein Lohndal: «Severin Eskeland». Norsk biografisk leksikon, bd. 3. Oslo 2001
Andreas Nordland: Hårde tider. Fedrelandslaget i norsk politikk. Oslo 1973
Laurentz S. Østensen [Severin Eskeland]: Fossekraft og andre uskyldige ting. Oslo 1924
Peikarar

Først publisert: 07.06.2012
Sist oppdatert: 14.11.2018