Hopp til innhold
X
Innhald

Sidsel Endresen

Sidsel Endresen, fødd 1952, er songar og tekstforfattar. Endresen har fått merksemd saman med Jon Eberson Group med plater som Jive Talking, Polarities, City Visions og Stories. Ho har også gitt ut soloplatene So I Write (1990) og Undertown (2000). Nightsong (1994), Duplex Ride (1997) og Out here. In there (2002) kom i samarbeid med Bugge Wesseltoft. Endresen har også skrive film- og teatermusikk. Ho har fått fleire Spellemannprisar, Radka Toneff-pris i 1993 og Buddy-statuett i 2000.
Sjå opptak frå Sidsel Endresen Livingroom

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 06.11.2013