Hopp til innhold
Portrett av Sigurd Eldegard, ca. 1907–10.  Foto: Rude & Hilfling, kjelde: Teaterhistorisk samling / Oslo Museum (biletnr.: TM.T03098a), oslobilder.no CC BY-SA 3.0 .
Portrett av Sigurd Eldegard, ca. 1907–10. Foto: Rude & Hilfling, kjelde: Teaterhistorisk samling / Oslo Museum (biletnr.: TM.T03098a), oslobilder.no CC BY-SA 3.0 .
X
Innhald

Sigurd Eldegard

Sigurd Eldegard, skodespelar, dramatikar, spelemann og ein pioner i landsmålsdramatikken.

Sigurd Eldegard var fødd på garden Eldegard i Årdal i Sogn 10. juli 1866 og døydde 30. januar 1950. Han var spelemann og forfattar og skreiv det nasjonalromantiske stykket Fossegrimen, som i 1905 vart den første framsyninga på landsmål ved Nationaltheatret og ein stor kommersiell suksess, med over hundre framsyningar.

Eldegard debuterte som skodespelar på Christiania Theater i 1891. Frå 1901 og det meste av karrieren var han knytt til Nationaltheatret. Frå 1918 til 1920 var Eldegard sidestilt sjef ved Det Norske Teatret i lag med Amund Rydland. Han var ein mykje nytta instruktør på denne tida, og han sette opp mange av dei populære folkekomediane ved teatret, mellom anna Olav Hoprekstads Friarar (1918) og P. Hallströms Kunstnaren (1918).

Eldegard var eit kjent og populært namn i norskdomsrørsla, og løna hans vart delfinansiert av gåver frå ulike ungdomslag. Likevel valde han å returnere til skodespelarstillinga ved Nationaltheatret etter berre to sesongar, på grunn av den vanskelege økonomiske situasjonen ved Det Norske Teatret.

Under den andre verdskrigen var Eldegard medlem av Nasjonal Samling. Då Det Norske Teatret vart nazifisert, vart Sigurd Eldegard utnemnd som representant for Oslo kommune i teaterstyret. Han vart samstundes tilsett som litterær konsulent ved teatret.

Sigurd Eldegard i kostyme i rolla som Sallust fra Perusia i stykket «Keiser og Galilæer» på Nationaltheatret, 1903. Foto: H. Abel, kjelde: Teaterhistorisk samling / Oslo Museum (biletnr.: TM.T01666), oslobilder.no CC BY-SA 3.0.

Kjelder

Arkivet til Det Norske Teatret

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 29.01.2018