Faktaboks

Sigvard Engeset

Sigvart Engeset

Fødd
2. oktober 1885, Ørsta
Død
25. desember 1974, Oslo

Sigvard Engeset var ein av dei tidlege nynorske songforfattarane ved sida av Matias Orheim. Engeset vaks opp i Ørsta og var forkynnar og pastor i Ørsta Frikyrkje, seinare i Oslo Vestre Frikirke.

Han gav ut samlinga Dropar frå livsens kjelda i 1919. Han skreiv mykje utan å samla alt i bøker. Mange av songane til Engeset star i song- og salmebøker, som «Slik som eg var», «Bli i meg, har Jesus sagt» og «Eg vil så gjerne syngja».

Sigvard Engeset var bestefar til Erik Hillestad.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

Sigvard Engeset
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000018752174

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg