Hopp til innhold
Terje Eggum. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
Terje Eggum. Foto: Selja Forlag. Med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Terje Eggum

Terje Eggum, journalist som har arbeidd både i lokalmedia i Sogn og Fjordane og som korrespondent i hovudstaden. Han har òg skrive fleire lokalhistoriske bøker.

Eggum er fødd 1. april 1952 i Oslo, men har røtene sine i Sogn, der han har budd og verka mykje av sitt liv. Han har utdanning som cand.mag. ved Universitetet i Bergen med faga historie, offentleg administrasjon og litteratur. Eggum fann tidleg vegen til journalistyrket. Etter artium frå Sogndal gymnas i 1972 tok han til i Fjordenes Tidende 1974–75, deretter var han innom både Sogn og Fjordane (avisa), Bergens Tidende og VG, før han i 1981 vart tilsett ved Sunnmørsposten sitt Oslokontor. I 1987–90 var han tilsett i NRK Sogn og Fjordane og i 1990–93 i avisa Sogn og Fjordane att, før han tok til i Sogn Avis, der han har arbeidd sidan.
 
Utanom arbeidet som journalist har Eggum skrive fleire bøker om Sogn si historie, mellom andre Laks i sikte (1997), Leikanger kyrkje (1999) og På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009 (2009). Han var òg medforfattar til band to i firebandsverket Norsk presses historie (2010).
 
Kjelder
Nils E. Øy (red.): «Terje Eggum», Pressefolk 1997. Oslo 1997


Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018