Hopp til innhold
X
Innhald

Velle Espeland

Velle Nils Espeland, teikneserieomsetjar og dagleg leiar i Norsk visearkiv, har gjort spøkjelse til ein av spesialitetane i dei folkloristiske arbeida sine.

Velle Nils Espeland er fødd 6. juli 1945 i Sør-Fron. Etter examen artium ved Gudbrandsdal gymnas (1964) studerte han folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo. I 1974 leverte han avhandlinga «Folkesong i Bjerkreim» for magistergraden. Same året vart han tilsett ved Institutt for kulturstudier og underviste i perioden 1974–2003. 
Espeland har skrive og redigert bøker og artiklar om folkloristiske og kulturhistoriske emne. Eit gjennomgåande emne er spøkjelse og liknande skapningar, noko som vert belyst gjennom barneboka Den store boka om spøkelse (1999) og faktaboka Spøkelse. Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie (2002). Vidare har han omsett teikneseriar som Sprint og Spiralis, og har saman med broren, Gard Espeland, skrive tekst til julehefta Smørbukk og Tuss og Troll.
Espeland har vore dagleg leiar i Norsk visearkiv sidan sentret vart stifta i 1983. Her er interesseområda hans folkeviser, balladar og skillingsviser, og dessutan arbeidssongar og songar for barn.
Kjelder
E-post frå Velle Espeland
«Om Norsk Visearkiv», omtale av Espeland på nettstaden til Norsk visearkiv, visearkivet.nohttp://www.visearkivet.no/sider/om_norsk_visearkiv.html [lesedato 27.04.2010] 

Først publisert: 27.04.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013