Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Eimhjellen

Einar Eimhjellen då han vart tildelt Kongens fortenestemedalje. Foto: Kjell Skaflestad.

Einar Eimhjellen då han vart tildelt Kongens fortenestemedalje. Foto: Kjell Skaflestad.

Einar Eimhjellen fødd 1938 i Naustedalen. Jordbrukssjef i Naustdal. Medskipar av Naustedalen Spelemannslag i 1953, og frå 1968 var han leiar av laget i mange år. Under hans leiinga gav spelemannslaget ut langspelplatene ”Slåttar frå Sunnfjord”, ”I bryllaup”, ”Amerikafararen” og ”Dans i Fosshalla”.

I 1980 skipa han runddansorksteret Naustedølen.

Eimhjellen har gjort eit stort arbeid med innsamling av slåttar og opplysningar om spelemenn frå Sunnfjord – også i det norske miljøet i Amerika. Eimhjellen starta i 1988 firmaet Naustdal Musikkproduksjon.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv og folkemusikkprisen til Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2010