Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Kringlen

Einar Kringlen fødd 1931 i Høyanger, busett i Oslo. Professor i psykiatri og aktiv i norsk samfunns- og helsedebatt.

Einar Kringlen fødd 1931 i Høyanger, busett i Oslo. Professor i psykiatri og aktiv i norsk samfunns- og helsedebatt.

Professor i klinisk psykiatri ved Universitetet i Bergen 1969-1971 og administrerande overlege ved Psykiatrisk klinikk på Haukeland sjukehus.

Kringlen vart den første professor i medisinsk åtferdsfag ved Universitetet i Oslo i 1977. Sidan 1984 professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og adm. overlege ved Psykiatrisk avdeling Vindern.

Kringlen har gjeve ut ei mengd faglitteratur om psykiatri, medisin og samfunn, m.a. læreboka «Psykiatri» i 1972 og "Psykiatriens samtidshistorie". Kringlen var den første leiaren i «Norske leger mot atomvåpen» i 1981.

RUtnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olav Orden i 1998.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2013