Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Ramsli

Einar Ramsli (1872-1960) frå Kyrkjebø. Ingeniør og fossekjøpar. Utdanna oppmålingsingeniør ved høgskulen i Berlin.

Målte saman med ein kollega Christensen opp energimengdene i vassdrag kring Vadheim og Høyanger. Saman med Bergensarkitekten Sigurd Lunde skipa han selskapet Lunde & Ramsli og kjøpte i 1899 fallrettane i fleire vassdrag mellom Høyanger og Vadheim. M.a. kjøpte dei fallrettane i Hålandselva og Hjetlandselva i Høyanger, og tomteland til fabrikk ved fjorden.

I 1902 selde Lunde & Ramsli fallrettane til sakførar Chr. Ameln i Bergen, som seinare selde dei vidare til konsul Harald Larsen frå Oslo. Einar Ramsli var son til lensmann Lars Ramsli på Kyrkjebø, der han tok over farsgarden. Han mislukkast med å verte lensmann etter faren, og tok seinare arbeid i hallane i Høyanger. Einar Ramsli har fått ei gate oppkalla etter seg i Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008