Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Sorterup

Einar Olaf Sorterup (1876–1959). Fødd i Vest-India, busett i Gloppen. Veterinær. Han var fødd i den tidlegare danske kolonien St. Croix i Vestindia. Amtsdyrlege i Nordfjord frå 1898 med bustad Sandane (den første var J.N. Bruland frå 1893 som også hadde bustad på Sandane).

Sorterup sitt distrikt vart seinare midtre Nordfjord som femnde om nordre luten av Jølster kommune. Han arbeidde som dyrlege til 1946.

Sorterup bygde Gloppen Mølle i 1917 saman med O.G. Ryssdal og med økonomisk hjelp frå jaktkameraten og mangemillionæren William Henry Singer jr. Mølla vart restaurert og bygd om til bustader på 1990-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011