Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Svartefoss

Einar Svatefoss. Foto: Bjørn Bergum.

Einar Svatefoss. Foto: Bjørn Bergum.

Einar Svartefoss (1910-1999) frå Guddal, busett på Hermansverk. Redaktør og aviseigar.

Han vart journalist i avisa «Sogn og Fjordane» på Hermansverk i 1936 og seinare deleigar i avisa saman med Ivar Tveit, som då var redaktør. Svartefoss tok over som redaktør i 1949, ei stilling som han hadde til 1987 då han overlet redaktørkrakken til dottera Sigrid Svartefoss.

I 1993 vart «Sogn og Fjordane» kjøpt opp av Husabø Prenteverk og slegen saman med deira avis Sogningen/Sogns Avis til Sogn Avis. Einar Svartefoss var medarbeidar i avisene til han døydde.

Motstandsmann

Under andre verdskrig deltok Svartefoss i motstandsarbeidet, vart arrestert og gjekk seinare i dekning. Forfattar av boka «5-årsnatta – Leikanger i krigsåra 1940-45».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.08.2011