Hopp til innhold
X
Innhald

Eirik Blodøks

Eirik Blodøks (ca. 895–954). Norsk konge, son til kong Harald Hårfagre og dronning Ragnhild.

Eirik skal ha vakse opp hjå den lokale hovdingen Tore Roaldsson på Svanøy. Alt som tolvåring skal Eirik ha reist på hærferd med fem langskip, og han drog fleire gonger på herjingsferder til utlandet – både austover og vestover.

Eirik Blodøks var norsk konge frå 931 til 933. For å sikre si eiga makt og unngå rivalisering, tok han livet av fleire av brørne sine. Men då ein yngre bror, Håkon den gode Adalsteinfostre, kom heim frå England, allierte Håkon seg med norske hovdingar og fekk jaga bort den brutale Eirik Blodøks. Eirik rømde til England der han fekk lenet Jorvik – York – av kong Adalstein. Derifrå drog Eirik på plyndring både til Irland og Frankrike. Eirik vart jaga bort frå York av Adalstein sin bror Edmund i 941, og fall i slaget mot kong Eadred ved Stainmoor i 954.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.03.2008