Hopp til innhold
X
Innhald

Eivind Grov

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen, NRK.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen, NRK.

Eivind Grov fødd 1936 i Naustdal, busett i Loen. Hotelldirektør i Loen og politikar. Han overtok i 1965 leiinga av Alexandra Hotell i Loen saman med kona Inger f. Loen. Under Eivind Grov si leiing har hotellet gjennomgått store utvidingar, og blitt kongress- og heilårshotell.

Grov har vore medlem i kommunestyre og formannskap, og representert Høgre på fylkestinget.

Han har hatt leiande tillitsverv i bransjeorganisasjonar, og var ein av initiativtakarane til hotellkjeden Kilde Hotels i 1976, og til Fjord-Norge på 1990-talet.

Utnemnd til riddar 1. klasse av St. Olav orden i 2004. Son til John Grov, bror til Magne Grov og svigerson til Richard Loen.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.11.2011