Hopp til innhold
X
Innhald

Elias Faleide

(Foto © Fylkesarkivet)

(Foto © Fylkesarkivet)

Elias Paulson Faleide (1879-1967) frå Faleide i Stryn. Fylkesagronom og politikar. Landbrukshøgskulen 1905, og frå 1912 fylkesagronom i Nordfjord med bustad på Sandane. Frå 1938 husdyragronom for heile fylket. Faleide var m.a.ordførar i Gloppen 1919–1922, 1928–1941 og 1945–1947, og formann i fylkestinget i fleire periodar.

Elias Faleide var m.a. ordførar i Gloppen og formann i fylkestinget i fleire periodar. Stortings-representant for Venstre 1919-1921, og var seinare også vararepresentant ein periode. Han var sentral i arbeidet med å skipe Firdakraft, og ved bygginga av den første store kraftstasjonen i Øksenelvane tidleg på 1950-talet.

Sat som styreformann i Firda Billag i mange år. Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og Sogn og Fjordane Landbruksselskap sin medalje i gull.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008