Hopp til innhold
X
Innhald

Elin Grytting

Elin Grytting i 2014. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Elin Grytting i 2014. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Elin Grytting fødd 1952 i Bærum med slektsrøter i Sogn, busett på Sandane sidan 1976. Folkemusikar og songar som m.a. har vunne mange prisar på landskappleikar. Fylkesmusikar i folkevisesong frå 1989 til 2014.

I 1998 gav ho ut plata ”Almuens Sanger”, med tekstar av diktarpresten Claus Frimann. Tildelt kulturprisen til Gloppen kommune i 2011.

Under Fylkeskappleiken i 2014 vart ho tildelt Folkemusikkprisen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2014