Hopp til innhold
X
Innhald

Elise Margrethe Ulvik

(1868-1945) frå Ulvika, busett i Oslo. Lærar og skribent i årboka til Den Norske Turistforening og tidsskriftet ”Samtiden”.

Har gjeve ut «Udenfor Alfarvei» 1917 med forteljingar frå heimekommunen Hyllestad, ”En familiekrønike” 1918 og ”Diktater og gjenfortellinger” 1920. Redigerte ei tid også Dyrebeskyttelsen sitt medlemsblad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008