Ellef Ellefsen

Ellef Ellefsen budde i dette huset i Måløy. Foto frå 1976: Fjordenes Tidende.
Ellef Ellefsen (1878–1956). Ingeniør fødd i Trondheim, busett i Måløy.
Han grunnla i 1911 Moldøen mek. Verksted med slipp i Måløy sentrum. Han gjekk konkurs i 1920-åra. Slippen vart overteken av kjøpmann Ludvig Brunsvik. I 1936 kjøpte brørne Reidar, Alf og Magnus Verlo anlegget og starta ei verksemd som framleis er i drift i 2010 - Verlo A/S.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.04.2010