Hopp til innhold
X
Innhald

Ellen Johanne Mjelva (Gjestland)

Foto: Firda Tidend.

Foto: Firda Tidend.

Ellen Johanne Mjelva (Gjestland) (1935-1998) frå Sandane. Mjelva var i mange år dirigent for Gloppen Jentekor, som ho utvikla til eitt av dei beste jentekora i landet. Under hennar leiing vann koret fleire førsteprisar i landstevlingar, og fekk Fylkeskulturprisen 1990.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.01.2011