Hopp til innhold
X
Innhald

Elling Reme

Elling Reme (1866-1938) frå Innvik. Lærar. Reme er kjend for å ha skrive ”Nordfjordsongen” som fekk førstepris ved ei tevling utlyst av Firda Ungdomslag:

*Signe den fyrste som Nordfjord fekk skoda! *Anten han nedetter Tystigen kleiv *eller frå sjøen såg Smalsarhorn roda *- inn i ein heilagdom hovdingen sveiv: *Blåkvit og fager i venleik og velde *låg han i synsringen urøyvd og rein, *prydeleg nyskapt, trass aldrar og elde, *budd som til helg og til høgtid han skein.

*Nordfjord, kor namnet om hjarta oss vermer! *- ingen fekk heimstad av høgare rang. *Fjorden seg inn millom storfjella ermer, *bygdene tek han som borna i fang. *Gardane ligg attmed grornæme strender, *speglar seg av i den blaagrøne fjord, *krullar seg saman i bygder og grender, *fagre som ingenstad elles på jord!

*Dette er Firdir der fedrene våre *sysla i truskap og ofte med glim, *namngjetne kultar som Kveldulv og Kåre *Kolbein den sterke og Øyvind og Grim. *Storhopen namnlaus, men aldri vi gløymer *dei som har dyrka og odla vår jord! *Signe den stova som levdene gøymer, *gravhaug og gravstad kring strender og fjord!

*Nordfjord, å Nordfjord vi alltid vil svara *slik som han Gunnar, då heimatt han for: *Fager er lidi! vi kan ikkje fara *bort ifrå heimen, frå far og frå mor! *Her vil vi sitja trass fenner og fårar, *her vil vi stræva og arbeida trutt! *Nordfjord, det namnet oss alle skal båra *fysne i hugen til livet er slutt!

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2012