Hopp til innhold
X
Innhald

Emma Pastor Normann

Emma Pastor Normann måla fleire bilete med motiv frå Balestrand. © Blomqvist Kunsthandel.

Emma Pastor Normann måla fleire bilete med motiv frå Balestrand. © Blomqvist Kunsthandel.

Emma Pastor Normann (1871-1954) frå Düsseldorf. Kunstmålar.

Dotter til kunstmålar Eilert Adelsteen Normann, som ogå var ein av lærarane hennar medan ho vaks opp i Berlin. Ho utvikla ein nyromantisk målarstil og motivkrins som var svært lik stilen til Hans Dahl og Hans Andreas Dahl.

Emma gifta seg og vart seinare skild frå den tyske forfatteren og journalisten William Pastor. Ho illustrerte fleire av bøkene hans. Ho kom også på kant med faren etter at denne gifta seg opp att då mor hennar døydde. Dette var nok grunnen til at ho ikkje ville ha noko med «Villa Normann» i Balestrand å gjere, men bygde sitt eige hus på Esestranda i 1910. Sjå Emma Pastor Normann-huset. Ho har m.a. måla altartavla i Engelsk-kyrkja St. Olafs kyrkje i Balestrand.

Også dottera Helga Normann Leknes (1902-1987) var kunstmålar. Ho var utdanna i dans og gymnastikk, dreiv eigen danseskule i Berlin frå 1928, og var knytt til operaen i Berlin 1933-1940 som ballettdansar. Emma og Helga flytta til Noreg, budde i Oslo om vinteren og i Balestrand om sommaren.

Fjordparti sommerstid av Emma Pastor Normann. © Blomqvist Kunsthandel.

Fjordparti sommerstid av Emma Pastor Normann. © Blomqvist Kunsthandel.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011