Hopp til innhold
X
Innhald

Endre Trædal

Endre Trædal (1868-1937) frå Lavik, busett i Vadheim. Forretningsmann og hotelleigar.

Endre Trædal (1868-1937) frå Lavik, busett i Vadheim. Forretningsmann og hotelleigar.

Han hadde vore i Amerika og lagt seg opp pengar, og starta i 1894 landhandel i Vadheim. I 1909 selde han butikken til Christian Vik frå Guddalen og bygde seinare Trædal Hotell i Vadheim (sjå Overnattingverksemder i Høyanger). Han var også postopnar.

I 1910 var han ein av initiativtakarane til skiping av Vadheim Privatbank, og var første kasserar 1910-1934.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2010