Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Grant Lea

Erik Grant Lea (1892-1979) frå Bergen, busett i Gjølanger frå 1925. Shipping- og forretningsmann.

Erik Grant Lea (1892-1979) frå Bergen, busett i Gjølanger frå 1925. Shipping- og forretningsmann.

Bygde seg opp til ein av dei største norske skipsreiarane i jobbetida kring første verdskrig. 24 år gamal vart han leiar i sitt eige reiarlag, kontrollerte til sist ti ulike reiarlag og hadde eigen bank og assuranseselskap.

Grant Lea bygde m.a. ein stor villa - Leahall - på Kronstad i Bergen, og huset låg i ein park på 40 mål! Han gifta seg i 1916 med den adelege engelsk-indiske Hilda Constance Connor (1899-1961) frå Bangalore.

Flytta til Gjølanger

Grant Lea gjekk dundrande konkurs i 1925 og flytta til ein av dei få eigedomane han hadde att - ein gard i Gjølanger i Fjaler. Denne hadde han fått hand om i 1919. Her bygde Grant Lea etter kvart opp Gjølanger Bruk med landhandel, mølle, sag og trelastforrenting (Gjølanger Bruk AS). Han var levande interessert i skogplanting, og planta til saman over 120.000 grantre på eigedomen sin i Gjølanger. Les meir om dette i artikkelen Den fallerte storreiaren i Gjølanger under Industri og næring i Fjaler.

Ektemaken Hilda Constance var katolikk, og Erik Grant Lea konverterte sjølv til katolisismen i 1923. På eigedomen sin i Gjølanger bygde han eit ørlite kapell slik at dei to kunne dyrke den katolske trua si.

Erik Grant Lea med kona Hilda og dottera Sunniva. © Fylkesarkivet.

Erik Grant Lea med kona Hilda og dottera Sunniva. © Fylkesarkivet.

Ivrig mosjonist

Som pensjonist vart Grant Lea ein ivrig mosjonist, og gjekk m.a. den harde «Nijmegenmarsjen» i Nederland fleire gonger. Erik Grant Lea gav i 1970 ut diktsamlinga «Røslyng, Stemninger og tanker».

I 1972 gav forfattaren Norvald Tveit ut Lea-biografien «Fra gull til grønne skoger» som skildrar det eventyrlege livet til Erik Grant Lea.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.10.2010