Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Larsson Svorstøl

Erik Larsson Svorstøl (1762–1825) frå Naustdal.

Regimentsmed og haugianar. Vart regimentsmed på Bergenhus. Gjorde i 1810 ei oppfinning med ei bakladningsrifle, og vart for dette utnemnd til «Dannebrogsmann». Då lekpredikanten Hans Nilsen Hauge kom til Bergen, vart han i 1798 kjend med Svorstøl. Det skal ha vore Svorstøl som fekk Hauge til å reise på vekkingsferd til Sunnfjord i 1799. Her fekk haugerørsla sterkt fotfeste i bygdene langs Førdefjorden, med Svanøy som hovudsete.

Sjå også: *Haugianarane i Vevring og Naustdal *Haugianarane på Svanøy

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008