Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Olsson Gjellaker

Erik Olsson Gjellaker (1780-1861) frå Ål i Hallingdal.

Bonde og framståande haugianar. Erik Olsson kom først i ti år som tenar på Svanøy, der hallingdølen og haugianaren Ole Torjusson Svanøe eigde godset. Erik reiste over heile landet som forkynnar.

Gifta seg med ei sunnmørsjente, og kjøpte og budde ei tid på garden Mjelva i Romsdalen før han kjøpte Tingneset i Vevring i 1830 og slo seg til der. Her vart han ein åndeleg leiar for haugianarane i bygdene langs Førdefjorden.

Erik og kona Guro dreiv gjestgiveriet på Tingneset, starta handel i 1834 og vart dampskipsekspeditør i 1858. Sonen Ola (1829–1896) var også ein sentral haugianar, og fekk også postopneriet for Vevring til Tingneset.

Sjå også:

Haugianarane på Svanøy

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.03.2008