Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Venjum

Erik Venjum.

Erik Venjum.

Erik Venjum (1817-1887) frå Hafslo. Bonde og haugianarleiar.

Han vart ein sentral mann i hauginarflokken i Hafslo, og var også leiar for haugianar-rørsla på heile Vestlandet ei tid. Venjum stod ofte i opposisjon til soknepresten og andre høgkyrkjelege aktivitetar.

Sjølv levde han svært nøysamt. Det vert fortalt at han hadde lyst på eit husorgel, men let det vere fordi han ikkje ville få ord på seg i veneflokken for å vere «ødsel» og ha hang til luksus. Av same grunn nytta korkje han eller andre haugianarar sølvknappar i bestekleda. Venjum var også i ein kort periode varaordførar i Hafslo.

Venjum var midt i korntreskinga i 1842 då han fekk vite at Stortinget hadde oppheva Konventikkelplakaten som sette forbod for lekfolk mot å drive forkynning. I glede skreiv han dette diktet på låvedøra:

:::Hav tak vor Herre kjær :::For saadan Frihed er, :::At vi i Fred kan tales ved :::om det som hør til Salighed.

Sjå også:

Les også om haugianarane under Flora, Naustdal og Gloppen kommunar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.10.2011