Hopp til innhold
X
Innhald

Erika Larsdotter Bogen

Erika Larsdotter Bogen fødd 1828 i Lindås, busett på Børholmen.

Ho vart på folkemunne kalla «Rikke Bokken», og vart gift med ein kar som budde på: Handels- og gjestgjevarstaden Børholmen.

Overnaturlege evner

Ho gav seg ut for å vere synsk, tankelesar. Ho hevda også at ho kunne tale med englar og gjere under. Mange trudde på kvinna, og det vart gjeve ut ein slags biografi om henne på Beyers Forlag i Bergen. Men i 1854 bar det i fengsel med den synske kvinna frå Børholmen: Ho vart dømd til eitt års tukthus for løgn, baktaling og svindel.

I 1879 selde famlien eigedomen sin på Børholmen og flytta til Bergen der dei sidan dreiv forretning på Nordnes.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008