Hopp til innhold
X
Innhald

Erlend Eindrideson til Losna

Erlend Eindrideson til Losna (- 1452) Riksråd (statsråd), fehirde (skattmeister) i Bergen og høvedsmann på Tøndsberghus. Første gong nemnd som kongeleg sendemann i Perth, England, i 1429.

Medlem av riksrådet ca. 1434, og ei av tre norske stormenn som det norske riksrådet nominerte som drottsete (stathaldar) under Erik av Pommern. Men Sigurd Janson frå Giske vart valt. Erlend vart slegen til riddar i 1442. Erlend vert nemnd som høvedsmann på Tønsberghus 1437, men hadde ikkje stillinga lengre enn til ca. 1448.

Erlend var mellom 20 riksrådar som valde Christian I. til norsk konge på eit riksrådmøte i Bergen 1450. Han lånte samstundes mykje pengar til kongen, som gav Erlend pant i Valdres og Romsdal len. Son til Eindride Erlendsson (sjå denne under «Kjende personar i Solund fødde år 1200-1900»).

Med Erlend døydde Erlend Filipsons grein av Losna-slekta ut, og Losnagodset gjekk i arv til Rosenkratz-slekta i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008