Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Andenæs

Erling Andenæs (1910-1992) frå Innvik, busett i Oslo. Ingeniør, entreprenør og motstandsmann under 2. verdskrig.

Erling Andenæs (1910-1992) frå Innvik, busett i Oslo. Ingeniør, entreprenør og motstandsmann under 2. verdskrig.

Var sjømann og ei tid i USA før han tok tysk ingeniørutdanning og starta eiga verksemd i Oslo i 1939. Han kom tidleg med i norsk motstandsarbeid under 2. verdskrig. Måtte rømme til Sverige, men kom tilbake og vart Milorg-sjef for ei gruppe med 160 mann.

Entreprenør

Bygde etter kvart saman med tre søner opp ei stor entreprenør- og eigedomsverksemd i Oslo, seinare kjend som Andenæs-gruppen. Gruppa driv også innan shipping, helikoptertransport og oljeretta industri.

Son til Mads Olson Andenæs. Bror til Olaf Andenæs, Johannes Bratt Andenæs og Tønnes Andenæs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.08.2012