Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Berge

Erling Berge (1922-2015) frå Kviteneset i Bygstad, busett i Førde. Forretningsmann og bilforhandlar. Grunnla og bygde opp fylkets største bilforretning, Berge & Co. i Førde.

Kom til Førde som disponent for Førde Sport frå 1947 til 1954, då han starta si eiga forretning. Han vart fylkesforhandlar av Volkswagen, og den populære og rimelege VW-bobla gjorde Berge & Co. på kort tid til fylkets største bilforhandlar – ein posisjon som firmaet har framleis i år 2002.

Han bygde stor verkstadhall i Førde sentrum 1960, utvida 1964. Bergegården i sentrum bygd i 1970, seinare utvida. Bergehallen 1974, og seinare utvida, og i 1980 Bergehuset på Kronborg, som er på 10500 kvm., og i tillegg til eiga bilforretning også husa andre forretningar, og i fleire år Hafstad vidaregåande skule.

Son til Johannes Berge (sjå Tønnefabrikkane i Gaular).

Sjå også:

  • Forretningsfamilien Berge
  • Erling Berge selde den første bobla til Kristian Sandsmark i 1954. Bilen har Berge no kjøpt tilbake.

    Erling Berge selde den første bobla til Kristian Sandsmark i 1954. Bilen har Berge no kjøpt tilbake.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2015