Erling Førde

Ein av båtane med namnet
Erling Førde (1927–2005) frå Bremanger. Fiskar og fiskebåtreiar.
Starta som fiskar i 1945, og vart frå 1960 eigar av fleire banklinebåtar med namnet ”Førde Junior”. Med desse spela han ei viktig rolle i utviklinga av dei automatiske egnemaskinane. Førde hadde mange tillitsverv innan fiskeriorganisasjonane, og tidleg på 1980-talet dreiv han opplæring i linefiske av lokale fiskarar i Vest-Afrika.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 15.04.2009