Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Osland

Erling Osland. Privat foto.

Erling Osland. Privat foto.

Erling Osland (1914-1997) frå Bjordal. Fiskeoppdrettspionér, som alt på 1950-talet starta forsøk med oppdrett av regnbogeaure i Bjordal. Sjå artikkelen Oppdrettspionéren i Bjordal.

Tidleg på 1960-talet satsa han kommersielt og skipa eige firma. Osland hadde vore på studieferd til liknande anlegg i Danmark og Sverige, men stort sett måtte han lære ved eiga prøving og feiling. Dei første merdene var garnposar festa til pålar som var slegne ned i sjøbotnen. Osland bygde etter kvart stamfiskanlegg, pakkeri og fryseri.

På 1970-talet skipa han eit eige selskap som starta oppdrettsanlegg i Matre i Nordhordland. Han starta også forsøk med kveiteoppdrett. Erling Osland var medlem av Lysøutvalet som førebudde konsesjonslovene for fiskeoppdrett, og var medskipar av både Norske Fiskeoppdretteres Forening og Fiskeoppdretternes Salgslag.

Han var æresmedlem i oppdrettsforeninga, og tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Far til forfattaren Erna Osland.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2010